Oppatt, til historie/ættegransking

Kjelder frå Søre Sunnmøre, innhald og omfang

-- eit oversyn, ved Ivar S. Ertesvåg

Søre Sunnmøre er i dag kommunene Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta.

Før 1964 hadde vi også desse kommunene: Syvde (no i Vanylven), Rovde (Vanylven/Sande), Dalsfjord (Volda), Vartdal (Ørsta) og Hjørundfjord (Ørsta).

Bygdebøkene er delte inn etter kommunene i 1963 (dvs før grensereguleringane i 1964):
Her er liste over bygdebøkene.
Her er eit detaljert oversyn over grenser for sokn, prestegjeld, skipreider og kommuner frå 1600 til i dag.

Kyrkjeleg inndeling

Etter reformasjonen var det fire prestegjeld på Sunnmøre:
Borgund og Ørskog på Nøre Sunnmøre.
Volda, med annekssokna Ørsta, Hjørundfjord, Vanylven og Syvde.
Herøy, med annekssokna Rovde, Sande, Ulstein og Hareid.

Utpå 1700-talet hadde vi desse prestegjelda:
Vanylven (frå 1610) med sokna Vanylven og Syvde.
Herøy, med sokna Herøy, Sande og Rovde.
Ulstein (frå 1747) med sokna Ulstein og Hareid.
Volda, med sokna Volda og Ørsta.
Hjørundfjord (frå 1751) med Hjørundfjord sokn.

Seint på 1800-talet skjedde desse endringane:
Sande vart eige prestegjeld (1865) med sokna Sande og Rovde.
Leikanger sokn oppretta (1872) i Herøy prg. med delar av Rovde og Sande sokn
Vartdalstranda (seinare Vartdal) sokn vart skild ut (1877) frå Hareid sokn.
Ørsta vart eige prestegjeld (1900) med sokna Ørsta og Vartdalsstranda.
Austefjord (og Kilsfjord) kapellsokn i Volda (1889)

Nyare sokn: Dalsfjord (i Volda, 1910), Gursken (i Sande, 1923), Åram (i Sande, 1924), Storfjord (i Hjørundfjord, 1924).
Herøy sokn har (frå ca.1920) to kyrkjer; Indre Herøy er kapellsokn.


Innhaldet i kyrkjebøkene:

Generelt:
Standardiserte skjema vart innførte i 1812, men tekne i bruk etter kvart.

Dåp:
1812-skjema: Førenamn for barnet, stand og fullt namn for foreldra, fullt namn på faddrar. Fødselsdag, dåpsdag.
1820-skjema: Fødselsdag, dåpsdag, namn, ekte/uekte, fullt namn, stilling og opphald for foreldra, namn på faddrane, om heimedåp, for uekte born kven som har gjeve opplysning om farskapen.

Konfirmerte:
1812-skjema: Namn og opphaldsstad, namn og bustad til foreldra, pleieforeldre eller husbond, alder med dato ifølgje dåpsattest, "Dom angaaende Kundskab og Opførsel", vaksinasjon.
1820-skjema: Fullt namn, alder, fødestad, foreldre, kristendomskunnskap og flid m.m., om koppar/vaksine

Gifte:
1812-skjema: Namn, alder, "Haandtering" og opphaldsstad for brudgomen, Namn, alder og "Haandtering" for bruda, namn på trulovarane, vigselsdag, om det er i kyrkja eller heime.
1820-skjema: Dag; namn og stand, føde og opphaldsstad for brudgom, namn og fødestad på bruda; alder; Namn på fedrene; Namn og opphald for trulovarane; lysingsdagar; om koppar/vaksine; om tidlegare gifte.

Døde:
1812-skjema: Dødsdag, gravferdsdag, fullt namn, "Stand, Haandtering og Opholdssted", alder, merknader - t.d. om omkomne på sjøen.
1820-skjema: Dødsdag, gravferdsdag, fullt namn og stand, alder, opphaldsstad, om sjukdom eller ulukke. Eiga spalte for dødfødde: Fødselsdato, foreldre, når og kven har gjeve opplysningane.

Innflytte:
1812-skjema ("Tilgangs-lister"): Namn, alder, "Haandtering", kvar ifrå
1820-skjema: Dato (for flyttinga), namn, alder, føremål med flyttinga, kvar flytta frå og kvar fødd, opphaldsstad, medbrakte attestar.

Utflytte:
1812-skjema ("Afgangs-lister"): Namn, alder, "Haandtering", reist kvar
1820-skjema (parallelt m innflytting): Dato (for flyttinga), namn, alder, kvar til

Vaksinerte:
1820-skjema: Dato for attesten, namn, alder, faren sitt namn, føde og
opphaldsstad, vaksinatøren sitt namn.

Innleiing (av mora etter fødsel): Ikkje i dei trykte skjemaene.


Herøy med Sande, Rovde, Leikanger:
Sams bok for sokna Herøy, Sande og Rovde 1731 - 1841.
Eigne bøker for kvart sokn frå 1816.
Eiga bok for Leikanger (nytt sokn) frå 1873.

(507A01) 1731-1766:
Ført parallelle spalter for:
dag og kyrkestad, dåp ("Baptisati"), nattverdgjestar ("Comunicante") (tal), truloving ("Sponsalia"), gifte ("Copulati"), Innleiing ("Introductae Muliers"), privat skriftemål ("Absolutio privata inagrotantes"), offentleg skriftemål ("Absolutio publica"), jordfesting ("Conciones funebres" = liktale, "funeralia").
Konfirmantlister (1763-1774) bak i boka.
Manglar sider for s.septuag. 1733 - heilag 3 kong. 1738; 1732 er uviss; manglar midfaste 1738 - nyttår 1741 (Etter påskrift v Statsarkiver i Bergen).

(507A03) 1767-1788:
Ført som den førre boka i utgangspunktet, men spaltene vert fyllte opp, slik at dei ikkje vert parallelle i tid. Frå 1788 att vert spaltene førte parallelle i tid.

(507A03) 1789-1825:
1789-1816: Dei ulike handlinge er førte kvar for seg for kvart år (dvs ikkje i kvar sine bolkar slik som det var vanleg på 1800-talet). Denne føringa føreset at presten har ført ein kladd som så er innført i protokollen - elles ville det ha vorte samantrengde lister eller opningar når den avsette plassen ikkje høvde.
Det er eigne lister for dåp med dåpsdag og dag for innleiing av mora - kvart av sokna kronologisk for seg, så trulova likeins - med dag for truloving og for vigsel, gravlagde gruppert etter alder og sokn, liste over gudstenester (dag og stad), liste over konfirmantar. Så kjem neste år likeins.
1817-1825: Fødde førte i skjema (innteikna 1812-skjema). Borna er førte både her og i eigne bøker for dei tre sokna.

(507A04) 1816-1841
Trykte skjema (1812-skjema) samla ei eigne bolkar for fødde, døde, ektevigde, konfirmerte, utflytte, innflytte. Denne og seinare bøker er berre for Herøy sokn.
Merk: Frå no av er namn på konfirmant-foreldra med.

(507A05) 1842-1873
Trykte skjema (1820) samla i eigne bolkar for fødde (1842-1863), konfirmerte (1843-1868), ektevigde (1842-1864), døde (1841-1873), innflytte og utflytte (1842-1864), vaksinerte (1844-1867), dagsregister (1842-1874).

(507A06) 1863-1878
Trykte skjema (1820) samla i eigne bolkar for fødde (1863-1878), ektevigde (1865-1877), innflytte og utflytte (1864-1877), dagsregister (1874-1877).

(507A07) 1869-1878
Trykte skjema (1820) samla i eigne bolkar for konfirmerte (1869-1877), døde (1873-1878).

Opplysningar i bøkene:
Døypte/Fødde:
1731- : Førenamn på barnet, førenamn og gardsnamn på faren og faddrane. Dåpsdag.
1782- (ca.): Patronymikon for faren oftast med
1789- : Førenamn for barnet; førenamn, patronymikon og gardsnamn for begge foreldra og for faddrane. Dåpsdag.
1817-41 : Sjå standardskjema 1812.
1841- : Sjå standardskjema 1820.

Innleidde:
1731- : Mannen sitt namn (ikkje kvinna sitt namn)
1767- : Kvinna sitt namn, dvs førenamn og gardsnamn, av og til patronymikon.
1789-1816: Dag for innleiing i saman med dåpsinnføringa (sjå dåp).
1817- : Ikkje innført.

Konfirmerte:
1763-1774: Førenamn, patronymikon og gardsnamn, soknevis liste bak i boka.
1786: (Plassert under 1788 - langt bak i boka)
1789-1816: Fullt namn (ikkje alder)
1802-1806/07: Fullt namn og alder
1817-42: Sjå standardskjema 1812. Frå no av er namn på foreldra med.
1843- : Sjå standardskjema 1820.

Trulova og gifte:
1731- : Førenamn, patronymikon og (oftast) gardsnamn for brudgomen; Førenamn og patronymikon for bruda - av og til gardsnamn; førenamn og gardsnamn for trulovarane.
1753- : Patronymikon for bruda oftast med.
1760- : Stand ("ungkarl", "pige", "enke", "enkemand") for brudefolka.
1789- : Stand og fullt namn for begge brudefolka, fullt namn for trulovarane. Trulovingsdag (til 1798), vigelsdag. Heimesokn dersom dei er frå andre prestegjeld.
1817-1841 : Sjå standardskjema 1812. Stand (Ungkar, enke, osb.) er med.
1842- : Sjå standardskjema 1812. Frå no av er fedrene er namngjevne.

Døde/jordfesta:
1731- : førenamn og gardsnamn (av og til førenamn og patronymikon); alder; for born: Faren sitt namn, alder
1789-1816: Fullt namn, alder, jordfestingsdag (det stend "begravede" så det kan
vere gravferdsdagen - men dette er lite truleg fordi presten ikkje var med då, iallfall ikkje i annekssokna)
1817-1841: Sjå standardskjema 1812. Merknader - t.d. om omkomne på sjøen. Dødfødde er med.
1841- : Sjå standardskjema 1820.


Leikanger(sokn i Herøy prg.)
Nytt sokn oppretta i Herøy prg. 1872; tidlegare høyrde det meste av området til Rovde sokn, med fire gardar frå Sande sokn, sjå Herøy, Rovde og Sande.

(508A01) 1873-1886


Sande (Sande sokn i Herøy prg.; i Sande prg. frå 1865)
Til 1816: sams bok for heile Herøy prestegjeld, sjå Herøy.

(508A01) 1816-1841
Fødde (1816-1841), døde (1816-1841), konfirmerte (1817-1841), vigde (1817-1841), innflytta (1817-1841), utflytta (1817-1836).

(508A02) 1841-1884
Fødde (1842-1865), konfirmerte (1843-1879), vigde (1842-1867), døde (1841-1884), innflytta (1842-1870), utflytta (1844-1871), vaksinerte (1843-1867), dagsregister (1842-1884).

(508A03) 1865-1884
Fødde (1865-1884), vigde (1868-1884), innflytta (1870-1882), utflytta (1870-1884).

(508A04) 1879-1883
Konfirmasjon 1879-1883


Rovde (Rovde sokn i Herøy prg.; i Sande prg. frå 1865)
Til 1816: sams bok for heile Herøy prestegjeld, sjå Herøy.

(504A01) 1816-1861
Trykte skjema (1812-skjema) samla ei eigne bolkar for fødde, døde, ektevigde,
konfirmerte (1817-1860), utflytte, innflytte.
Frå no av er namn på konfirmant-foreldra med.
For nokre dåpsborn, konfirmantar og innflytte er det ført inn dødsdato seinare.

(504A02) 1861-1884
Trykte skjema (1820) samla i eigne bolkar for fødde, konfirmerte (1861-1883), ektevigde (1862-1884), døde, innflytte og utflytte, vaksinerte (1861-1867), dagsregister (1861-1884).
Frå no av er fedrene er namngjevne ved ektevigsel.


Ulstein med Hareid (medrekna Vartdal):
Julenatta 1832 brann prestegarden i Dimnasund og kyrkjebøkene gjekk tapt. Etterpå (1835) vart det samla inn opplysningar etter folk sitt minne og personlege notat. Ein del av dei vart førte i ein protokoll.
Ny bok byrjar 1.jan 1833: Trykte skjema (1820)
Sams bok 1833-1847, eigne bøker for kvart sokn frå 1848.
Eiga bok for Vartdalsstranda (nytt sokn, frå Hareid) frå 1878.
 

"Lærarlistene". I alt 7 lister (5 lange, 1 kort og 1 kladd) med opplysningar samla inn 1835 for ca. 95% av folket som budde i prestegjeldet og som var fødde før 1833. Dei er ordna (nokolunde) geografisk og etter husstandar. Dei 5 lange listene dekkjer kvart sitt skuledistrikt. Listene ligg i SAT - Ulstein sokneprestarkiv. Dei er ikkje skanna, men registrerte: Lærarlistene Ulstein 1835

(509A01) (Ulstein prg.)
Dette er ein protokoll laga i 1848 (altså ikkje ei original kyrkjebok) med ein del av opplysningane innsamla i 1835, ordna kronologisk. Dette er ei liste med namn, fødselstidspunkt (år for somme, dato for andre), namn på foreldre (m. patronymikon og gardsnamn), årstal for eventuell konfirmasjon og gifte (ikkje ektemake).

(509A02) 1833-1847: (Ulstein prg.) Trykte skjema (1820)
(509A03) 1848-1882: (Ulstein sokn)

(510A01) 1848-1877: (Hareid sokn)


Volda med Ørsta (og Dalsfjord):
Sams bok for Volda og Ørsta sokn 1713-1720.1741-1831/32
Eigne bøker for Volda sokn og Ørsta sokn frå 1831/32.
Dalsfjord (nytt sokn, frå Volda) med eiga bok frå ca.1920 (Volda prg.)
(511A01) 1713-1720:
Restar av ei kyrkjebok, i alt 32 blad, delvis øydelagde.
Handlingar ført i eigne bolkar. Døypte 1713-1718, trulova 1714-1720, vigde 1715-1721.

(511A02) 1741-1760 (denne har eg skrive av, sjå eiga vevside):
Ført parallelle spalter over heile oppslaget for:
Dag og kyrkestad, dåp ("Baptisati"), nattverdgjestar ("Comunicante") (tal), truloving ("Sponsalia"), gifte ("Copulati"), Innleiing ("Introductia"), privat skriftemål ("Absolutio privata"), offentleg skriftemål ("Absolutio publica"), jordfesting ("funeralia").
Ikkje konfirmantlister.
Manglar nokre einskildsider for 1758-1760.

(511A03) 1760-1786:
Byrjar med parallelle spalter som den førre boka. Etter kvart vert kvar spalte ført uavhengig av dei andre.
Konfirmantlister for 1769-1786 til slutt i boka.

(511A04) 1787-1816:
Ført parallelle spalter over heile oppslaget som ovanfor.
Konfirmantlister (1787-1816) og dagsregister (1822-1832) til slutt i boka.

(511A05) 1817-1832:
Trykte skjema (1812-skjema) samla ei eigne bolkar for fødde (1817-1831), konfirmerte (1817-1831), ektevigde (1817-1832), døde (1817-1832), ut- og innflytte (1817-1832).

(511A06) 1831-1850 (Volda sokn)
(511A07) 1851-1878 (Volda sokn)
(511A08) 1878-1890 (Volda sokn)


Opplysningar i bøkene:
Fødde/Døpte:
apr.1713-apr.1718, okt.1741-1802 : dåpsdag; namn på barnet med patronymikon og gardsnamn, namn på faddrar. Innførslene er ufullstendige, særleg i 1780/90-åra er det heilt klart at ein del barn manglar.
Frå 1802 4.s.e.tr, 11.juli: dåpsdag; fullt namn på far og mor, med patronymikon og gardsnamn; fornamn og kjønn for barnet; faddrar med fornamn og gardsnamn - vanlegvis ikkje patronymikon.
Frå 1817 (trykt skjema): f.dato, dåpsdato; fullt namn på barn og foreldre, med patronymikon og gardsnamn; yrkesstand; namn på faddrar
Frå 15.mars 1831: eigne protokollar for Ørsta og Volda.

Innleiing (av mora etter fødsel):
okt.1741-1816, 1817-mai.1832 (bak i boka for 1787-1816): mannen sitt namn (med gardsnamn, patronymikon frå 1817), ikkje kvinna sitt namn.

Konfirmasjon:
1769-1815: Liste over konfirmantar nemnde med namn, patronymikon, gardsnamn, nokre år er alder medteke.
Frå 1817 (skjema): Dåpsdato, namn på foreldra, med patronymikon og gardsnamn; vurdering av kunnskap.
Frå 1831: eigne bøker for Ørsta og Volda.

Gifte:
nov.1714-des.1720, okt.1741-1816: Truloving og vigsel er anten ført kvar for seg, eller trulovinga er ført, og vigselsdagen er ført attåt. Ved trulovinga er vitna (forlovarane) nemnde med gardsnamn, somtid med patronymikon. Namn på brud og brudgom med patronymikon og gardsnamn. Alder er med nokre perioder. Sivilstand (enke(m)/ungk./pige) kan vere med. Foreldra ikkje nemnde.
Frå 1817: Truloving ikkje ført. Brudefolka er nemnde med patronymikon, gardsnamn, alder og stand; forlovarane med gardsnamn, ikkje alltid med patronymikon. Foreldra er ikkje nemnde
Frå Juli 1832: Eigne bøker for Ørsta og Volda. Namn på fedrene er med.

Døde/jordfesta:
okt.1741-1816: Jordfesting (ikkje dødsdato), dei døde nemnde med gardsnamn og patronymikon (i perioder ikkje patronymikon), alder (manglar i perioder), stand kan vere med; for små born kan faren vere nemnd ("NNs datter, 8 uger"). Dødfødde er med (uvisst om dette gjeld alle). Bortkomne på sjøen er med. (Uvisst om dette gjeld heile perioden).
Frå 1817: (skjema) dødsdato, gravferdsdato (ikkje jordfesting); namn med patronymikon og gardsnamn; stand; alder; for born kan faren også vere nemnd.
Frå 12.juni 1832: Eigne protokollar for Ørsta og Volda. Dødsårsak er med.

Ørsta
Før 1831/32, sjå Volda.
(513A01) 1831-1855     (avskrift ved RHD)
(513A02) 1856-1878     (avskrift ved RHD)
(513A03) 1877-1889     (avskrift ved RHD)

Hjørundfjord
Bok frå 1733

Vanylven med Syvde
Sams bok frå 1742
Eiga bok for Syvde frå 1844.

Innhaldet i bøkene frå Vanylven og Hjørundfjord kjenner eg ikkje i detalj.
til byrjinga av lista


Lagt ut 7. november 1997, sist endra 5. des. 2013.
Ivar S. Ertesvåg HEIMESIDE